torsdag 15. mai 2014

"Ny" trapp!

Etter svært lang tid, fann eg ut at eg skulle poste litt på byggebloggen igjen! Det som har stått igjen sidan ombygginga er gangen og trappa. Gangen måla eg i vinterferien, og dei siste vekene har trappa blitt "ny". Etter veldig mykje fram og tilbake, enda vi på glasrekkverk utan handlist frå Trio beslag.
Han "advarte" oss også mot å sette så fint glas på ei sjabby trapp, og dermed vart det trappefornyer i tillegg!
Vi angrer ikkje på nokon av delane, og syns faktisk det vart rett bra :-)
Den gamle trappa lurte seg også inn her. Det vart litt forskjell! 

laurdag 8. januar 2011

INNFLYTTA!!

Eller det vil seie: Vi bor her - men har ikkje hatt innflyttingsfest. Men den skal ikkje vere langt unna no :)

I går heiv vi ut jula og no når det var nokonlunde ryddig tenkte eg å nytte høvet til å ta nokre bilde.

Her er den delen av stova som er påbygd. Her har vi sett på plass salongen som vi har hatt! Vi har også sett inn ei gamal spisestove i frå Vatne.

Her viser møblane betre og ein får eit inntrykk av den grå-brune kontrastveggen (som vi sjølve syns vart fin:)

Eg måtte nesten ta med eit bilde av juletreet også. 3,4 meter :)

Jøtulen som vi også hadde frå før har kome på plass i framkant av rommet. No med stålpipe. Dette har også blitt favorittplassen til Sie Charlotte som har fått eiga korg med saueskinn. Nesten like bra som rockwool og sagemask!

Endå eit utsiktsbilde over Sykkylvsbygda i grå-kvit vinterskrud...

Litt pynt.

På andre sida av omnen er spiseplass og kjøkken.

Kjøkkenet fungerar etter planen! Vi skal få på plass nokre barkrakkar ved kjøkkenøya. Elles er det meste på plass. Vi må forresten få tak i ei gardintrapp som får plass i det vesle ledige rommet på høgresida av benken. Kjøkkenskapa er 303 cm høge!

I gangen som knyt saman dei "nye" soveromma og badet, har vi sett inn skyvedører som skjuler vaskemaskin, tørketrommel og mesteparten av kleda til jentene. Praktisk og minst like smart som vi håpte på :)

5,5 meter med skyvedører frå Langlo i kvitt og svart glas.

Soverommet vårt er plassert i den vestlege enden av huset. Også her har vil lagt inn ein vegg i kontrastfarge. Denne heiter "skyggeblå" og er ein av standardfargane i Jotun sin nye malingsserie "Pure Color"

Vi har utgang til verandaen også frå soverommet.

..og inngang til gå-inn-garderobe:)

Her har Monica den lengste sida, og eg den litt kortare. Ikkje så rart kanskje :)

Og vegg i vegg ligg det nye badet. Innreiing få tema med 220 cm skifervask.

Og badekar som ikkje er ferdig bygd inn enno. Det skal få dei same grå flisene som er på veggen bak (og på golvet).

I tillegg har vi soveromma til jentene oppe og eit bad mellom romma deira. Nede er tv-stova slik den var, ganske mykje gangar og utgang til garasja! Bilete derfrå lyt bli ein gong dei er meir presentable enn no!

søndag 5. desember 2010

Nesten innflytta!

Og då byrja det jammen og likne på noko! I går kom svigermor med bilen full av moppar, så no er huset nedvaska og klart.

I dag fekk vi også på plass ein del møblar, lampar og diverse. Til og med adventsstjerna heng i vindauget :)

Det siste vi gjorde i går var å rive beskyttelsefolien av kjøkkenskapa. Brått vart det kvitt i staden for lyseblått. Medan øya er grå høgglans. Sokkel og benkeplate har stålfront.

No er alle kvitevarer innkomne, straumen er på plass og vatnet er nesten på plass på kjøkkenet. Der har vi kaldevatn og kokande vatn i kranen - med Grohe Red armaturet som har behalder inne i benken har vi 100 grader vatn umiddelbart :) Kjekt for presskannekaffientusiastar!!!

Resten av vatnet blir nok kopla til i morgon. Då blir det også vassboren varme i golva. Det blir godt!

Forløpig er det gamle kjøkkenbordet fungerande, men blir snart bytta ut med farmor si gamle spisestove.

fredag 3. desember 2010

Det nærmar seg!


No byrjar det verkeleg å likne noko.
Straumen er so og seie på plass. Vatnet likeså. Alle fliser lagt og fuga. Dører, foringar og lister på plass (minus ei..). Innreiingar på kjøkken, bad og garderobe er nesten heilt på plass:)

Med andre ord: Helga vil gå med til rydding, vasking og flytting. Ikkje mange dagane att på flatseng no nei!!!

Måtte knipse bilde då downlightsa vart prøvekøyrt!

måndag 22. november 2010

Lys og varme


Sjølv om ikkje alt går like raskt som eg håpar på, så har vi alle fall fått i vedomnen. Kjekt med stålpipe der ein kan fyre umiddelbart etter montering.

Det trekte som berre juling :)

Ein god del lys er også komne på plass. Kvite 4w LED downlights såg ut til å gi fint lys, men foreløpig er dei berre testa - ikkje tilkopla. Men i løpet av denne veka håper vi at elektrikar Sandal er langt på veg i monteringa!

torsdag 18. november 2010

Eit halvt år på flatseng

Påbygget vart altså litt meir enn berre eit påbygg. Alt oppå golvsponet var rive ned, og no er nesten alt på plass igjen. Og vi har altså bodd alle fire på eitt rom i kjellaren til Nilsens i eit halvt år (flytta ned 17. mai). Vaksne på flatseng og jentene anføttes i ei seng. Det skal bli fint å flytte heim snart!

Mykje skjer om dagen: Her er det Espen snekkar som har byrja å sette inn ny utdør. Denne er grå og fin og av merket Hörmann. Med kodelås og ingen dørtrykkar ute :) Blir spennande å sjå den på plass!

Her viser så vidt innramminga for den nye døra.


Pipa og omnen kom på plass igjen i dag. Omnen er den same gamle medan stålpipa er ny. Den blir, som bildet viser, ståande mellom kjøkken- og stovedelen.

Også bada er i ferd med å ta form. Her er den gamle doramma på plass i det nye gamlebadet :) Forresten veldig fint utført flisearbeid av Andre Sunde på begge bada og i vaskeromsgangen. Her viser såvidt flisene som heiter steelwood i 30x60. Flott ja..

tysdag 16. november 2010

Nesten ferdig kjøkken

Søndag kom opphavet frå Oslo med bilen godt lasta med IKEA-supplement. Vi fekk m.a. høgskapet til integrering av kjøleskap og 70-skapet til ventilator. Den er for øvrig frå Røroshetta og bråkar litt mindre enn IKEA sin..

No er det skuffer og kvitevarer som skal inn. Det mangla derimot ei skapdør over ventilatoren, men ved hjelp av facebook ser det ut til å ordne seg!

laurdag 13. november 2010

Internett og meir kjøkken

Øystein ringte og lurte på om han fekk hjelpe til :) Han tok med kroneverktyet sitt, og no er vi på nett igjen!!

Kjøkkenet har fått dei fleste dørene på plass. Eg plukka ned att skapet til ventilatoren fordi det vart for knapp plass ned til benkeplata. Nytt 70-skap er på veg frå ikea.

Eg manna meg også opp og skar holet for induksjonstoppen. Det gjekk bra :) No skal det snart kokast god mat her!

Øya på kjøkkenet har fått benkeplate og nokre grå høgglans dører. Det blir spennande å sjå ferdig resultat, men eg trur det blir bra!

fredag 12. november 2010

Mildvér og støyping

Det nærmar seg levering av varmepumpe, og den må stå skikkeleg. No fekk eg heldigvis litt mildare ver, og har støypt eim liten såle ved hjelp av forskalingsblokker bak huset.

Mellom bad og gjesterom vil pumpa stå, men vil ikkje merkast fordi den står adskilt frå resten av huset. Godt plassert i singelen.

måndag 8. november 2010

Meir kjøkken

No er altså mesteparten av skapa på plass. Berre eit høgskap til kjøleskåpet stend framleis på lageret til Ikea...

Med god hjelp av Gudmund fekk eg også lagt på benkeplater. 8 cm tjukk, høgglans kvit med aluminiumsfront. Øya er også oppmontert men ikkje heilt ferdig enno.

No blir det skuffer og skapdører - men først må vi legge ferdig parketten!

søndag 7. november 2010

Kjøkkenmontering

Så var vi igang! Monica viser (stolt) fram første skapet som kom på plass. Dei fleste skapa frå gamlekjøkkenet fekk vi brukt opp att skroga på. I tillegg fekk vi skru saman ein heil del nye :)


Ved arbeidsslutt søndag kveld er alle overskapa på plass, pluss eit par av benkeskapa. Her ser ein galskapen ved å montere ei ekstra rad med overskap oppå dei "vanlege". Dette gir eit 303 cm høgt kjøkken! Lyt nok ha eit gardintrapp lett tilgjengeleg.. Men ein strålande plass til lagring av diverse som ikkje er i bruk kvar dag!

Litt triksing måtte til når det manglar 6 cm der skråtaket er på det lavaste. Makka ei heil stund for å få hjørneskapet til å passe inn, med skråskjering av to ulike vinklar og med samanskruing av sponplater utan å bruke standardløysingane.

Litt kjekkare å vere med i huset når det er parkett på golvet og papp og teiknesaker tilgjengeleg!

Det nærmar seg :)

tysdag 2. november 2010

Parkett i stova

Eik, einstavs, mattlakk. Blir etter mi meining veldig fint :)

Har fått på berre nokre få lengder enno, men det blir snart meir!