laurdag 21. august 2010

Rockwool rocker!

Huset begynner no å få litt meir av forma - også innandørs. Isolasjonen kom forrige måndag, og med god hjelp fekk eg isolert mesteparten av taket, og no i helga vart eg ferdig med ytste laget i veggane.

Her er veggen i trappeholet som har fått sine første 15 cm.

Det nye vindauget på kjøkkenet.

Eg tok heldigvis vare på isolasjonen då vi reiv ned gamledelen av huset. Det var det 10 cm i veggar og 20 i tak. No blir det 20 i veggar og 30 i tak.

Den gamle isolasjonen var like god som ny og eg har fått brukt mykje av den i ytterveggane og endå har eg att mykje til bruk i innerveggar. Pengar spart kjem godt med!

No ser eg fram til å bli heilt ferdig med denne delen av arbeidet, og kunnelegge meg kvelden utan å kleie meg hudalaus pga av rockwoolstøv :)

måndag 9. august 2010

Bordkledning og ny asfalt!

Endeleg slutt på fellesferien :)

I dag kom Lars Kåre att, og som bildet viser har vassborda kome på over vindua i front med blekk og det heile!

Her viser veggane som har fått kledning i dag og det viser korleis Kebonyen lysnar på fire veker! Eg syns i alle fall sjølv at dette blir staurandes bra!

I tillegg fekk vi ny asfalt i dag og eg kjende eg vart litt glad (sjølv om midtpartiet av vegen framleis er grus, og håpet om å kunne køyre nyvaska bil meir enn ein tur er lagt på is - igjen.)

torsdag 5. august 2010

Finplate

Og så fekk vi endeleg støypt finplate.

Her ser vi betongpumpebilen som riggar seg til.

Første klatten blir lagt på i øvre hjørne mot gamledelen.

Her har betongen stivna såpass at karane fekk begynne å køyre helikopter.

Og etter nokre timar - ei speilblank og fin plate!

onsdag 4. august 2010

Verandaen

Etter å ha henta materialen på Skansekaia på måndag, reiste eg heim og begynte så smått med oppmåling og litt montering. Det vart sjølvsagt Kebony til verandaen også! I går fekk eg hjelp av Karl Johan og Ole Bjørn med fullada drillar og dermed kom den på plass.

Her er Ole i sving på framsida av huset.

Som bildet viser må vi bygge eit trinn frå verandaen opp til dørene. Dette er ikkje heilt optimalt, men måtte til for å kunne ha alt på eitt nivå. Dette har igjen med utkraging av betongplata som delar av verandaen, då den same plata har 20 cm isolasjon + finplate inne i huset.

Her møter kebonydekket betongen der gamalt møter nytt - omtrent dei einaste synlege bevis på at dette er eit påbygg.

Framleis litt verkty framme, men her er austsida av huset og ein skimtar såvidt "utstikket" som blir frukostplassen til neste sommar...