søndag 5. desember 2010

Nesten innflytta!

Og då byrja det jammen og likne på noko! I går kom svigermor med bilen full av moppar, så no er huset nedvaska og klart.

I dag fekk vi også på plass ein del møblar, lampar og diverse. Til og med adventsstjerna heng i vindauget :)

Det siste vi gjorde i går var å rive beskyttelsefolien av kjøkkenskapa. Brått vart det kvitt i staden for lyseblått. Medan øya er grå høgglans. Sokkel og benkeplate har stålfront.

No er alle kvitevarer innkomne, straumen er på plass og vatnet er nesten på plass på kjøkkenet. Der har vi kaldevatn og kokande vatn i kranen - med Grohe Red armaturet som har behalder inne i benken har vi 100 grader vatn umiddelbart :) Kjekt for presskannekaffientusiastar!!!

Resten av vatnet blir nok kopla til i morgon. Då blir det også vassboren varme i golva. Det blir godt!

Forløpig er det gamle kjøkkenbordet fungerande, men blir snart bytta ut med farmor si gamle spisestove.

fredag 3. desember 2010

Det nærmar seg!


No byrjar det verkeleg å likne noko.
Straumen er so og seie på plass. Vatnet likeså. Alle fliser lagt og fuga. Dører, foringar og lister på plass (minus ei..). Innreiingar på kjøkken, bad og garderobe er nesten heilt på plass:)

Med andre ord: Helga vil gå med til rydding, vasking og flytting. Ikkje mange dagane att på flatseng no nei!!!

Måtte knipse bilde då downlightsa vart prøvekøyrt!