søndag 5. desember 2010

Nesten innflytta!

Og då byrja det jammen og likne på noko! I går kom svigermor med bilen full av moppar, så no er huset nedvaska og klart.

I dag fekk vi også på plass ein del møblar, lampar og diverse. Til og med adventsstjerna heng i vindauget :)

Det siste vi gjorde i går var å rive beskyttelsefolien av kjøkkenskapa. Brått vart det kvitt i staden for lyseblått. Medan øya er grå høgglans. Sokkel og benkeplate har stålfront.

No er alle kvitevarer innkomne, straumen er på plass og vatnet er nesten på plass på kjøkkenet. Der har vi kaldevatn og kokande vatn i kranen - med Grohe Red armaturet som har behalder inne i benken har vi 100 grader vatn umiddelbart :) Kjekt for presskannekaffientusiastar!!!

Resten av vatnet blir nok kopla til i morgon. Då blir det også vassboren varme i golva. Det blir godt!

Forløpig er det gamle kjøkkenbordet fungerande, men blir snart bytta ut med farmor si gamle spisestove.

fredag 3. desember 2010

Det nærmar seg!


No byrjar det verkeleg å likne noko.
Straumen er so og seie på plass. Vatnet likeså. Alle fliser lagt og fuga. Dører, foringar og lister på plass (minus ei..). Innreiingar på kjøkken, bad og garderobe er nesten heilt på plass:)

Med andre ord: Helga vil gå med til rydding, vasking og flytting. Ikkje mange dagane att på flatseng no nei!!!

Måtte knipse bilde då downlightsa vart prøvekøyrt!

måndag 22. november 2010

Lys og varme


Sjølv om ikkje alt går like raskt som eg håpar på, så har vi alle fall fått i vedomnen. Kjekt med stålpipe der ein kan fyre umiddelbart etter montering.

Det trekte som berre juling :)

Ein god del lys er også komne på plass. Kvite 4w LED downlights såg ut til å gi fint lys, men foreløpig er dei berre testa - ikkje tilkopla. Men i løpet av denne veka håper vi at elektrikar Sandal er langt på veg i monteringa!

torsdag 18. november 2010

Eit halvt år på flatseng

Påbygget vart altså litt meir enn berre eit påbygg. Alt oppå golvsponet var rive ned, og no er nesten alt på plass igjen. Og vi har altså bodd alle fire på eitt rom i kjellaren til Nilsens i eit halvt år (flytta ned 17. mai). Vaksne på flatseng og jentene anføttes i ei seng. Det skal bli fint å flytte heim snart!

Mykje skjer om dagen: Her er det Espen snekkar som har byrja å sette inn ny utdør. Denne er grå og fin og av merket Hörmann. Med kodelås og ingen dørtrykkar ute :) Blir spennande å sjå den på plass!

Her viser så vidt innramminga for den nye døra.


Pipa og omnen kom på plass igjen i dag. Omnen er den same gamle medan stålpipa er ny. Den blir, som bildet viser, ståande mellom kjøkken- og stovedelen.

Også bada er i ferd med å ta form. Her er den gamle doramma på plass i det nye gamlebadet :) Forresten veldig fint utført flisearbeid av Andre Sunde på begge bada og i vaskeromsgangen. Her viser såvidt flisene som heiter steelwood i 30x60. Flott ja..

tysdag 16. november 2010

Nesten ferdig kjøkken

Søndag kom opphavet frå Oslo med bilen godt lasta med IKEA-supplement. Vi fekk m.a. høgskapet til integrering av kjøleskap og 70-skapet til ventilator. Den er for øvrig frå Røroshetta og bråkar litt mindre enn IKEA sin..

No er det skuffer og kvitevarer som skal inn. Det mangla derimot ei skapdør over ventilatoren, men ved hjelp av facebook ser det ut til å ordne seg!

laurdag 13. november 2010

Internett og meir kjøkken

Øystein ringte og lurte på om han fekk hjelpe til :) Han tok med kroneverktyet sitt, og no er vi på nett igjen!!

Kjøkkenet har fått dei fleste dørene på plass. Eg plukka ned att skapet til ventilatoren fordi det vart for knapp plass ned til benkeplata. Nytt 70-skap er på veg frå ikea.

Eg manna meg også opp og skar holet for induksjonstoppen. Det gjekk bra :) No skal det snart kokast god mat her!

Øya på kjøkkenet har fått benkeplate og nokre grå høgglans dører. Det blir spennande å sjå ferdig resultat, men eg trur det blir bra!

fredag 12. november 2010

Mildvér og støyping

Det nærmar seg levering av varmepumpe, og den må stå skikkeleg. No fekk eg heldigvis litt mildare ver, og har støypt eim liten såle ved hjelp av forskalingsblokker bak huset.

Mellom bad og gjesterom vil pumpa stå, men vil ikkje merkast fordi den står adskilt frå resten av huset. Godt plassert i singelen.

måndag 8. november 2010

Meir kjøkken

No er altså mesteparten av skapa på plass. Berre eit høgskap til kjøleskåpet stend framleis på lageret til Ikea...

Med god hjelp av Gudmund fekk eg også lagt på benkeplater. 8 cm tjukk, høgglans kvit med aluminiumsfront. Øya er også oppmontert men ikkje heilt ferdig enno.

No blir det skuffer og skapdører - men først må vi legge ferdig parketten!

søndag 7. november 2010

Kjøkkenmontering

Så var vi igang! Monica viser (stolt) fram første skapet som kom på plass. Dei fleste skapa frå gamlekjøkkenet fekk vi brukt opp att skroga på. I tillegg fekk vi skru saman ein heil del nye :)


Ved arbeidsslutt søndag kveld er alle overskapa på plass, pluss eit par av benkeskapa. Her ser ein galskapen ved å montere ei ekstra rad med overskap oppå dei "vanlege". Dette gir eit 303 cm høgt kjøkken! Lyt nok ha eit gardintrapp lett tilgjengeleg.. Men ein strålande plass til lagring av diverse som ikkje er i bruk kvar dag!

Litt triksing måtte til når det manglar 6 cm der skråtaket er på det lavaste. Makka ei heil stund for å få hjørneskapet til å passe inn, med skråskjering av to ulike vinklar og med samanskruing av sponplater utan å bruke standardløysingane.

Litt kjekkare å vere med i huset når det er parkett på golvet og papp og teiknesaker tilgjengeleg!

Det nærmar seg :)

tysdag 2. november 2010

Parkett i stova

Eik, einstavs, mattlakk. Blir etter mi meining veldig fint :)

Har fått på berre nokre få lengder enno, men det blir snart meir!

søndag 31. oktober 2010

Parkett

Då var det meste ferdigmåla. Trudde eg var heilt ferdig, men fann ut at den lille gangen utanfor jentene sine rom mangla.. Her er den skyggeblå veggen på soverommet vårt. Vart veldig fint synest no eg!

Men vi har starta på parketten - og er godt i gang. På alle soveromma legg vi kvitpigmentert eik. Fredag fekk eg god hjelp av Per Inge, Ole Bjørn, Torje og Atle, so å la vi begge romma til jentene! På laurdag var Ole B på plass igjen :) og Gudmund kom opp og vart med. Dermed fekk vi lagt soverommet vårt m/garderobe, og gjesterommet! Veldig kjekt!

tysdag 26. oktober 2010

Golvsparkling

Overgangen mellom gamlehuset og nyedelen måtte sparklast, og på tysdagskvelden fekk eg god hjelp av Per Inge og Knut til å gjere dette. No er det meste klart til å legge parkett!

måndag 25. oktober 2010

Ein redige døyv av ein dugnad

Det var effektivt å kalle inn til dugnad gitt! Klokka 13 ringte Ole B og var klar, og sette i gang med måling! Kun avbroten av ein lite bacalao-pause heldt han på til klokka var nesten 22! Respekt!

Her er det han og Monica som målar andre strøket med våtromsmåling i gangen/vaskerommet.

Øystein dukka også opp på ettermiddagen og rulla måling så berre det! Her legg han siste runde med grunning i gå-inn-garderoba!

Han fekk også æra av å avslutte kvelden med å bere i hus 50 m2 med eikeparkett! God trening :)

Nok eit bilde av Ole i motsol. Med 1500w halogen i ryggen meinte han at solkrem burde vore delt ut.

No er målingsarbeidet snart unnagjort. Nokre rundar i kveld så går vi over til parkett!

laurdag 23. oktober 2010

Måling!

Vi har fått opp all strietapet, og veggane er slette og fine, og klare for måling. Her er det Ragna som har fyrt opp støvsugeren for å ikkje få rusk i målinga!

Full konsentrasjon!


Her har jentene fått på seg målarbuksene og caps, og grunnar for harde livet - inn i mellom alt anna :)

Lagbilde av målargjengen inne på Ragna sitt rom.

torsdag 21. oktober 2010

Ferdigmåla stove

Målarfirmaet Lars Lindvik har gjort ein strålande jobb med sparkling og måling av alle tak, og både tak og veggar i stove/kjøkkenet.

Som bildet viser er det listefrie karmar i vindauga, og heller ingen lister mellom vegg og tak.

Stoveglasa - heilt utan lister :)

Heile rommet og alle tak er måla med jotun sin nye måling, pure. Denne eine veggen på stova er måla med ein grå-brun farge som heiter "sober". Alt anna er kvitt.

Her er også soberveggen, og i bakgrunnen kjøkkenveggen som blir dekt av innreiing. Og dermed ikkje måla.. I bakgrunnen lyser det frå prinsesseavdelinga!

måndag 18. oktober 2010

Meir asfalt!!!

Endeleg skjedde det. Det vi nesten ikkje torde å håpe på: Asfalt heile vegen opp! Blank, svart, nylagd asfalt. La oss berre håpe at vinteren og brøytemannskapet viser nåde...

Inne i huset går det også føre seg! Her er Monica i ferd med å legge siste hand på verket med grunning på eitt av soveromma. Vi er ferdige med sparklinga, nesten ferdige med pussinga - og altså i god gang med grunning.

Målaren meinar han er ferdig på torsdag, så då kan vi begynne med golv, kjøkken.........

måndag 11. oktober 2010

Sparkling og pussing

Heile gjengen i arbeid! Vi har besøk av målarmeister og samtidig prøvar vi etter beste evne sjølve også. Her er Live og Ragna i full gang med finsparkling på eige rom! Dette blir bra :)

Også sjefen er i full gang. No skal det snart flyttast inn!!!

fredag 8. oktober 2010

Litt oppdateringar - igjen..

Det skjer mykje no. Snekkarane fekk i dag på all gips på veggane, golvet på badegolvet vart støypt og i morgon kjem målarane!

Her er stova med lysegrå gipsveggar. Snart er den kvit og fin :)

Garderobegangen vår. Retning soverommet vårt. Døra mot gjesterom/kontor lengst til høgre og badedøra lenger borte.

Sjølvsparkla soverom...

Kjøkkenet, men trappa til venstre og døra inn til "barneavdelinga" til venstre for den igjen.