laurdag 8. januar 2011

INNFLYTTA!!

Eller det vil seie: Vi bor her - men har ikkje hatt innflyttingsfest. Men den skal ikkje vere langt unna no :)

I går heiv vi ut jula og no når det var nokonlunde ryddig tenkte eg å nytte høvet til å ta nokre bilde.

Her er den delen av stova som er påbygd. Her har vi sett på plass salongen som vi har hatt! Vi har også sett inn ei gamal spisestove i frå Vatne.

Her viser møblane betre og ein får eit inntrykk av den grå-brune kontrastveggen (som vi sjølve syns vart fin:)

Eg måtte nesten ta med eit bilde av juletreet også. 3,4 meter :)

Jøtulen som vi også hadde frå før har kome på plass i framkant av rommet. No med stålpipe. Dette har også blitt favorittplassen til Sie Charlotte som har fått eiga korg med saueskinn. Nesten like bra som rockwool og sagemask!

Endå eit utsiktsbilde over Sykkylvsbygda i grå-kvit vinterskrud...

Litt pynt.

På andre sida av omnen er spiseplass og kjøkken.

Kjøkkenet fungerar etter planen! Vi skal få på plass nokre barkrakkar ved kjøkkenøya. Elles er det meste på plass. Vi må forresten få tak i ei gardintrapp som får plass i det vesle ledige rommet på høgresida av benken. Kjøkkenskapa er 303 cm høge!

I gangen som knyt saman dei "nye" soveromma og badet, har vi sett inn skyvedører som skjuler vaskemaskin, tørketrommel og mesteparten av kleda til jentene. Praktisk og minst like smart som vi håpte på :)

5,5 meter med skyvedører frå Langlo i kvitt og svart glas.

Soverommet vårt er plassert i den vestlege enden av huset. Også her har vil lagt inn ein vegg i kontrastfarge. Denne heiter "skyggeblå" og er ein av standardfargane i Jotun sin nye malingsserie "Pure Color"

Vi har utgang til verandaen også frå soverommet.

..og inngang til gå-inn-garderobe:)

Her har Monica den lengste sida, og eg den litt kortare. Ikkje så rart kanskje :)

Og vegg i vegg ligg det nye badet. Innreiing få tema med 220 cm skifervask.

Og badekar som ikkje er ferdig bygd inn enno. Det skal få dei same grå flisene som er på veggen bak (og på golvet).

I tillegg har vi soveromma til jentene oppe og eit bad mellom romma deira. Nede er tv-stova slik den var, ganske mykje gangar og utgang til garasja! Bilete derfrå lyt bli ein gong dei er meir presentable enn no!