laurdag 28. november 2009

Ferdig forskala


No begynner ting å ta form. Heile plata er no forskala og skal berre rettast opp og støttast opp litt betre. Så er det armering og forhåpentlegvis også støyping!

Eg vart sett i sving med ymse arbeid i dag, mellom anna stifting av trekantlister i plast rundt kantane, slik at det blir fint og flott.
Posted by Picasa

torsdag 26. november 2009

Snart ferdig forskala


Det nærmar seg for karane som forskalar plate. No er utkraginga over garasja snart ferdig, og verandaen er nesten halvferdig.

Her er utsikta frå gamleverandaen og vestover mot den nye. Ytste delen er ferdig, og i løpet av dagen i dag kjem sikkert resten på plass. Då er det snart klart for armering og støyping, så meldingane om kaldt ver vel eg å sjå vekk frå:)
Posted by Picasa

søndag 22. november 2009

Dritarbeid


I helga har han far hjelpt meg å kople til kloakk og avløp frå nybygget og inn på nettet.
Heilt til venstre i grøfta ligg røret som kjem frå gamledelen og endar i Ullavika. Til høgre viser stussen som kjem frå nyedelen.

Det måtte gravast djupt og lenge før vi fann røret, og haugen på plenen gjer at det liknar på unntakstilstand å kome seg inn i huset:)

Her er sjefen i ferd med å måle ut kor mykje vi må kappe vekk for å kople oss innpå.

Og her er alt ferdig kobla og vi legg singel rundt røret før grøfta skal fyllast att.
Posted by Picasa

fredag 20. november 2009

Stadig meir forskaling


Som bildet viser er plata innafor murane snart "tett". Merkeleg kor mykje større det virkar no når ein får ei plate oppå!

Her er "utsikta" bakover. Deleveggen mellom bodene i bakkant viser såvidt over plateforskalinga.

Det nye inngangspartiet ser ikkje særleg bra ut enno, men eg har trua på at dette blir bra. Innafor døra her blir ein ganske stor gang med utgang til garasja. Den eksisterande døra (blir nok bytta ut) blir der der er som ei sluse mellom garasje og huset.


Tja.. Muren på nedsida, med opningane inn til garasja.
Posted by Picasa

måndag 16. november 2009

Støyping i dag


Forskalingane til dragarar og krune er ferdige og betongbilen kjem i dag.

Etter eit par dagar vil nok desse forskalingane bli plukka ned, og karane begynner på forskaling av plate.
Posted by Picasa

torsdag 12. november 2009

Meir forskaling


Karane til J. Valde står på om dagen. Det nærmar seg støyping!
Ikkje så lett å ta bilde lengre, når ein stort sett er heime medan det er mørkt..
Men forskalingane blir stadig større og det blir etter kvart tydlegare korleis dette kjem til å sjå ut. Det som viser på dette bildet er dragarane over garasjeporten, og over opningane på nedsida av huset. Denne blir på 10,8 meter!
Posted by Picasa

Uventa utfordringar


For det er utfordring det heiter - ikkje problem!
For å få opp dei nødvendige søyler og dragarar måtte det gravast ut MYKJE meir masse franfor inngangen vår enn det eg trudde på førehand. Det vart nokre hektiske timar i går føremiddag med å skaffe maskin og maskinførar, men det ordnar seg for kjekke karar (og jenter). Næraste naboen, Sven Ove har kjøpt seg maskin og han stilte velvillig opp på tidenes kortaste varsel! Sveinung Liaskar rykte ut frå Huna Sand, og fekk belta maskina opp langs med huset og byrja på gravinga! Til slutt kom svigerfar Erling på lynvisitt og grov ferdig! TUSEN HJARTELEG TAKK til desse tre!!

Bildet er ikkje av særskilt god kvalitet, men det viser litt av gravemaskina i arbeid i går kveld!

I tillegg var eg ute og plukka ned endå litt meir av altanen, så no ser det ikkje særleg fint ut oppe med oss. Men det blir vel betre:)
Posted by Picasa

tysdag 10. november 2009

Forskaling


Her er beviset! Karane har begynt å forskale. Det kan sjå ut som at det blir garasje på oss i vinter:)
Posted by Picasa

måndag 9. november 2009

Ting skjer igjen!!

Ja - mange har nok rekna denne bloggen som ganske uinteressant den siste tida. På huset har det ikkje blitt gjort så mykje, og det er ymse grunnar til det. Hovudgrunnen er at prosjektleiaren vår, Dagfinn, vart sjukare i sommer, og gjekk dessverre bort no i oktober. Vi har måtte endre litt på planar og skaffe nye folk til å hjelpe oss. Vi har også fått ein ny situasjon heime med Monica i ny jobb, noko som minkar tida til eigeninnsats.. No ser det derimot lovande ut igjen!

Borgar Sandal sa heldigvis ja til å gjere berekningane på stål og betong. Jørgen Valde as vart overtalt til gjere betongjobben (som vi i utgangspunktet skulle gjere sjølve ved hjelp av Dagfinn), og dei begynner på jobben i morgon.
I helga fekk eg gjort litt av førebuingane til denne jobben:


Verandaen på vestsida av huset måtte rivast. Her skal plata støypast heilt inn til huset.

Her er jobben nesten gjort. Ikkje heilt beinsmia å få til åleine, men med motorsag, brekkjern og slegge er mykje gjort:)

Her er alt fjerna, og under her blir det ny inngang og tilkomst til garasja! Kjekt å gå tørrskodd ut i bilen:)

Her "gløymde" eg ein vegg i sommer og måtte mure den opp no for å gjere klart for vidare arbeid med plata. Denne går no heilt opp i høgd med resten.

Posted by Picasa