torsdag 29. april 2010

Bereveggane er oppkomne


Bereveggane i front og inne i nybygget er oppkomne, og i skrivande stund er kranbilen i ferd med å legge laminatar og takbjelkar på plass.

Sjølv utan kledning viser no litt av korleis huset vil sjå ut etter kvart. Fronten vil bli litt høgare enn det mønet er i dag... Dei tre opningane framme er til dei store vindauga på 265 cm høgde!
Posted by Picasa

måndag 26. april 2010

Fyste veggen i tre


I dag kom den første treveggen opp. I løpet av veka skal dei andre veggane opp, og takbjelkar skal heisast opp på torsdag!
Posted by Picasa

Takbjelkar


Takbjelkane på nesten 11 meter er laga i stål av Europrofil. Her set Lars Kåre på trelister for innfesting av vindduk.

søndag 18. april 2010

Vinter atter ein gong!


Ja, oss veit at det kjem ei snøvrie eller to, men i dag tek det heilt av. 30 cm til no!

fredag 16. april 2010

Litt oppdateringar


Veggane i bewi er oppkomne og ferdig støypte. Det er no klart for vidare bygging. Veggar skal settast opp på tradisjonellt vis, medan taksperrene er laga av Europrofil, altså stålprofilar som går i fulle lengder. Vindua er bestillte og er H-vindu med tre innvendig og aluminium farga antrasittgrå utvendig. Dei blir også solskjerma mot syd og aust.

Her er eit bilde tatt frå vestsida av huset.

Utsikta syd-austover. Framom bewiveggen blir det veranda.

Litt meir utsikt...
Posted by Picasa

måndag 12. april 2010

To veggar


I dag fekk vi fyste runde med betong i bewien. Heile bakveggen er fyllt opp og mesteparten av vestveggen. I kveld har eg stabla og armert siste rest av "vaksnelego", og i morgon tidleg gjer snekkarane klar for betong heilt opp! Då er faktisk to heile veggar på plass :)

Monica og eg har også bestemt oss for å gå for trelags vindu med aluminiumsramme utvendig. Det stod mellom det og vinyl, for det skal ikkje målast vinuskarmar her i huset dei fyste åra! Prisen vart omlag den same, men med lavare u-verdi og betre "look" vart det tre/alu.

På bildet viser eit liggande vindu som blir på soverommet vårt og eit lite vindu i kleskottet.
Posted by Picasa

måndag 5. april 2010

Nesten ferdig med oppløing


No har eg lødd opp dei fire høgdene med Bewi, og armert dette. Då er det nokre blokker til som skal opp på skråveggen (t.v.) før det er gjort med Bewi.
I tillegg må vindu og endar stemplast av før det kan støypast.
Eg satsar på at snekkarane kjem i morgon. Då blir det fart på sakene!
Posted by Picasa