laurdag 30. januar 2010

Meir møking

Vi må fylle opp bak murane før snekkarane set i gang. Og sidan snø er dårleg fyllmasse må den fjernast først. Det vart mange trillebårlass før alt var vekk!

 
Fullt lass!

 
Nesten ferdig:)
Posted by Picasa

fredag 29. januar 2010

Meir snø

 

Det nærmar seg stadig at huset skal bli større. Difor må eg syte for at alt er klart den dagen det skjer.

I går kom nye 30 cm med snø og dei måtte straks fresast vekk. Dei 60 som kom i jula fjerna eg forrige helg. Det begynne å bli ein alvorleg haug nede på plenen. Ei stor takk også til min trufaste Ari Jens (snøfresaren) som gjer tyngste jobben:)
Posted by Picasa

fredag 15. januar 2010

Endeleg

 

I dag fekk vi fjerna siste rest av forskalingsmaterialen, så no kunne bilane settast inn for natta:) I tillegg tok kranbilen med seg minigravaren som har stått her ei stund. Den måtte beltast ned i Ullavika og det tok nesten ein time. Då var det kjekt med lydbok!
Posted by Picasa

fredag 8. januar 2010

Forskalinga plukka ned

 

Eg mått ta eit bilde av byggverket no, medan sola stod på. Det begynne så smått å likne på noko.

No er all forskalinga plukka ned, og det står enno:) Vi har fått ei stor fin garasje (6x7,5m) og to boder som vi kan begynne å fylle opp!
Posted by Picasa

onsdag 6. januar 2010

Garasje!

 

Karane frå Jørgen Valde starta denne veka med å rive forskalinga som no har stått i over ein månad. Så snart ting og tang er rydda ut av vegen kan vi begynne og bruke garasja. Og det beste av alt: No kan vi bruke inngangsdøra vår igjen!
Posted by Picasa