fredag 26. februar 2010

Reim


Etter mykje slit og møye er snøv og is endeleg fjerna, og det er klart for bygging. Reima blir sett opp med Vartdal-blokker for å fjerne kuldebru inn mot huset. I tillegg skal veggane utover og oppover settast opp med Bewi-blokker. Desse må armerast skikkeleg, og i dag har eg bora 109 hol med 14 mm diameter og 10 cm djupne. Her skal jerna limast fast med tokomponent ankermasse. Det skal ikkje blåse vekk!


Her viser reima stabla opp omlag der den skal stå.

Biltemaborhammaren gjer jobben. Med naturtelefonen på øyret og sola i ryggen vart det ein bra arbeidsdag!
Posted by Picasa

måndag 22. februar 2010

Singel bak murane!



Rett ein flott for arbeid utandørs.



Nok eit viktig steg for prosjekt hus. Vi har lagt knotteplast på murane, isolert med 15 cm og no er ca 70 m3 med singel trygt plassert på baksida.




Metoden var: tippe singel av lastebilen, laste opp med minimaskin og krane det bak i ein tob.


Eit lite utsnitt. 15 cm styropor.

Ferdig resultat!
Posted by Picasa

onsdag 10. februar 2010

Litt ymse

Vi har ikkje stoppa heilt opp, men snøven gjer sitt til at ting er sett på pause. Så nart vi får mildver skal det fyllast bak murane - som eg har møka fritt for snøv ein del gongar allereie :)
Når dette er gjort står snekkarane også klar for å sette opp bygget!!

 

Litt pjaska eg med likevel. Boda som er nærast huset skal innreiast med reolar og diverse, og no har eg begynt å lekte ut i alle fall. Fann ein genial ting som heiter ekspasjonsspiker. Berre å banke inn etter at holet er bora!

 

Og so har eg laga ei luke over opninga inn til krypkjellaren på huset. Og sett i ei vifte for å skape litt sirkulasjon på lufta der inne.
Posted by Picasa