fredag 26. februar 2010

Reim


Etter mykje slit og møye er snøv og is endeleg fjerna, og det er klart for bygging. Reima blir sett opp med Vartdal-blokker for å fjerne kuldebru inn mot huset. I tillegg skal veggane utover og oppover settast opp med Bewi-blokker. Desse må armerast skikkeleg, og i dag har eg bora 109 hol med 14 mm diameter og 10 cm djupne. Her skal jerna limast fast med tokomponent ankermasse. Det skal ikkje blåse vekk!


Her viser reima stabla opp omlag der den skal stå.

Biltemaborhammaren gjer jobben. Med naturtelefonen på øyret og sola i ryggen vart det ein bra arbeidsdag!
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar