laurdag 27. mars 2010

Bygget byrjar å røyse seg!


Dei siste par dagane har eg byrja å stable Bewi-elementa, og det er jammen snertne greier:) Lego for vaksne! Tre høgder er allereie komne opp. Før vi tek den siste må vi finne ut av plassering av nokre vindu, men etter det kan det støypast oppi!
Over påske kjem snekkarane og starter for fullt. Det blir kjekt!
Posted by Picasa

måndag 15. mars 2010

Meir vinter!



Mars er snømånaden. Eg veit det. Må likevel offe meg litt... Har fjerna 150 cm oppe på plata tidlegare i år. Dette bildet var tatt i går med 40 nye cm som eg fjerna i går kveld. I dag er der omtrent det same. Gidd ikkje å møke i dag!
Posted by Picasa

torsdag 4. mars 2010

Snekkarane har byrja


I dag kom eit par karar frå Ludvigsen. Så no er vi i gang!
Dei fekk stabla opp både Vartdal-blokkene og nedste rada med Bewien, og desse er fylt med betong.
Her viser Vartdal-blokkene som blir reima for fremsteveggen.

Her er vinkelen som avgrensar altanen. Den næraste veggen er framkant på nyesoverommet vårt :)

Her er same veggen sett frå hi sida.

Her er bakveggen som blir bygd opp i Bewi. Dette er no festa med betong og klart for vidare stabling.
Posted by Picasa
Nærbilde av den førb.. knekken.