måndag 24. august 2009

Klart for platestøyping

I helga har eg fått ferdig isoleringa av platene i kjellaren/garasja. So no vil vi ha fint støypever slik at vi kan kome vidare og støype bjelkar og krune på murane!
Inne i betongringen ligg brønnen og koplingne til vatnet. Rett innanfor porten har eg lagt ned ei renne for å drenere ut vatn som evt renn av bilen inne i garasja. Ved å ha denne på innsida slepp ein problem med at dette frys til is under porten eller rett utanfor.

Alle golva inne er isolert med 15 cm styropor - og med ekstra hardheit inne i garasja. Oppå dette ligg fuktsperre, u-fix og armeringasmatter.

tysdag 18. august 2009

Litt framgang..


Det har vore lite oppdateringar herfrå dei siste dagane. For det meste på grunn av regnet! Det har regna so mykje at det har vore vanskeleg å få arbeidd, og det har i alle fall ikkje vore råd å knipse så mange bilda.

Men litt har eg pjaska med. Isolasjonen har ikkje blese vekk, og no har eg begynt å legge den utover. Den eine boda er heilt ferdig - med fint avretta og komprimert singel, 15 cm isolasjon, fuktsperre og armering. Røra for kloakk og avløp er lagt ned, og når sjølve garasja snart er klar blir det meir betong. For å få eit skikkeleg resultat har eg fått Jørgen Valde til å stå for stå for støyping av plate.

Nærbilde av kloakkledning før nedstøyping.

Tjukt godt lag med isolasjon frå Vartdal. 15cm.

onsdag 12. august 2009

Håpe på godver


I alle fall lite vind, for i dag fekk eg levert 36 m3 med isolasjon. Eg får sikkert retta av golva inne i løpet av kvelden og begynt med rørlegging og isolering etter kvart, og etter dei er støypte kan eg legge resten av isolasjonen inn i huset. Men før den tid vil eg ikkje ha noko vind:)

fredag 7. august 2009

Klart for neste steg


No er som sagt murane oppkomne, og neste steg blir å støype plate i garasja og i bodene. Tomta er rydda og isolasjon er bestillt. Først er det helgefri med loentur:)

tysdag 4. august 2009

Søv trygt igjen

No har den delen av gamlehuset som ligg inntil tomta sveva i lause lufta sidan midt i mai:) I kveld fekk eg på plass siste steinane for å stø det oppatt so no kan vi sove trygt, berre betongen herdar!

Som dette bildet viser so har eg sett ein mur utanpå husmuren. Denne går over den gamle inspeksjonsluka til krypkjellaren, slik at ny luke er laga til høgre for denne muren.

For å støtte skikkeleg under gamlemuren har eg forskala denne på innsida og fyllt opp utanfrå med flytande betong. I tillegg har eg saga hol i forskalingsblokkene på innsida av muren for å få betongen til å renne heilt inn under gamlemuren.


Her er det to raster igjen. Og her viser forresten både den gamle og den nye inspeksjonsluka godt!

No er eg so nøgd med meg sjølv at eg har opna meg ei polsk øl (som var steikje god) som løn for strevet! Den heiter "TYSKIE" og eg fekk den av mor til Wiktor.

måndag 3. august 2009

Stend som støypt

I dag kom altså Opshaug for andre gong og no stend dei der, murane, og kjem nok ikkje til å ramle ned med det første!
No er det berre nokre få steinar som skal på plass oppunder "gamle"huset og so skal det ikkje lempast meir stein:) Det ser forresten ut til at eg har rekna godt på kva som trengs, så det blir ikkje mykje stein til overs.
Neste trinn blir å lage plate nede. Der må kloakk, avløp og div på plass først, men det blir vel ei råd. Etter det skal det lagast nokre bjelkar til å kvile den neste plata på, så vi er ikkje ferdige med betongen med det første.
Var so hektisk i dag at eg rakk ikkje å ta bilde..

laurdag 1. august 2009

Berre betong som manglar

I dag fekk eg opp resten av murane og berre betongen manglar før dei er ferdige.


Her ser ein ganske tydleg korleis kjellaren og garasja vi sjå ut, med søyler i framkant for å bryte opp fasaden litt. I bakkant er det stabla 16 høgder med stein og oppå der skal berre krona på nokre få cm. søylene i framkant er på 15 høgder og der skal ein betongbjelke støypast på toppen.