tysdag 30. juni 2009

Murstein og forskaling av såle


Ja, no skjer det endeleg ein del her. I går var han far her og hjelpte til med forskaling av sålen og i dag vart eg, med litt hjelp frå Gudmund, so og seie ferdig med den. No i kveld var Monica og eg ute med nivelleringskikkerten til Dagfinn og fann ut at Biltema-vateren min fungerar bra!

Etter at sålearbeidet var ferdig i går, kom Brede i kranbilen med 22 pallar med murstein. Det er nok unnagjort mange økter med styrketrening før dei er komne på plass:) Og enno skal vi ha 10 pallar til. 1200 steinar på 20 kg kvar!

No står det to eltemaskiner klare ute, og i morgon blir det støyping av såle. Gudmund og han far har meldt at dei dukkar opp så då blir det vei i vellinga!

torsdag 25. juni 2009

På tide med ei skisse


Eg reknar med at dei som har kika innom bloggen har lurt litt på kva slags påbygg vi driv med. Som de ser er det ganske store forandringar i vente.
No er det verdt å nemne at dette kun er ei skisse (som eg sjølv har laga) og at det heilt sikkert blir endringar i forhold til slik dette ser ut. Spesielt i forhold til fasade, må vi nok gå nokre rundar før vi blir einige med oss sjølve - og vi er veldig opne for innspel på kva som er lurt og ikkje lurt, fint og ikkje fint her!

onsdag 24. juni 2009

Meir støttemur

No er ferien endeleg her, så det går an å få litt lengre arbeidsdagar. Første prosjekt no er å få opp støttemuren og samtidig begynner eg med forskaling av sålen.

tysdag 16. juni 2009

Første runde med støyping


I kveld manna vi oss opp, Monica og eg, og sette igang eltemaskina og fekk støypt opp i forskalinga for støttemuren. Toppen på denne skal vere på skrå, for å kunne fortsette med forskalingsblokker vidare oppover. Vi fann i alle fall ut at same kor tjukk ein blandar betongen, så virkar tyngdekrafta på den og vil flate ut denne skrå kanten..

Men, men. No reknar eg med at den har sett seg, så no går eg ut igjen og stålar over nokre gongar til, då tenkjer eg det vert bra!

Og for ordens skuld: Same kor kaldt, surt og trist ver vi har. KNOTTEN ER KOMEN:(

søndag 14. juni 2009

Litt meir forskaling


Det går ikkje akkurat unna for tida, men det er mykje anna som skjer akkurat no. Vi ligg framleis "i lause lufta" men no har eg i alle fall laga forskaling til støttemuren, kjøpt sement og jern og henta støypesand på Huna! Så alt ligg til rette for å gjere første murararbeidet. I helga har det vore Sykkylvsdagar med mykje liv og røre, i morgon skal eg ha opp eit parti i munnleg eksamen og tysdag er eg sensor sjølv. Etter det begynner det å løsne med arbeid - sett bort i frå eit par padlekurs:)

laurdag 6. juni 2009

Småplukk


Har vore på tur i ei veke og har ikkje fått laga noko meir. Men i dag kom eg etterkvart på føtene og mobiliserte litegrann arbeidslyst. Den brukte eg til å lage i forskaling rundt brønnholet slik at det etterkvart blir råd å nå tak i via ei luke i garasjegolvet.
Dagfinn var også ein tur opp for å inspisere tomta og sete meg på rett kurs vidare i prosessen. Det neste blir å få opp ein støttemur mot "gamlehuset" som for tida heng i lause lufta...