søndag 20. september 2009

Forskaling og litt div.


I det siste har eg vore mykje vekke, så bygginga har gått tregt. Her om dagen rydda eg litt rundt tomta, og la singel framfor portopninga. Dermed kunne eg køyre inn bilen, så då måtte eg køyre inn bilen:) Den fekk god plass!

I går arbeidde eg med litt ymse forskaling. Bjelken over garasjeporten er såvidt påbegynt, og her er bilde av det som blir inspeksjonsluke ned til stoppekranen for vatn. Eit ståande 6-tommsrør gjer at eg kan stenge vatnet ute om naudsynt!

søndag 6. september 2009

Drenering


I går fekk eg hengt opp duk i skråninga bak murane, og lagt dreneringsrør rundt heile nybygget. Dermed skulle det vere klart for å fylle bak murane med singel og pukk. Neste prosjekt no blir å forskale og støype diverse bjelkar, og samtidig støype krune på eksisterande murar.

Ikkje så spennande bilder for allmugen, men kjekt å ha sjølv til seinare...

Koplinga der røret frå drensrenna i garasja kjem ut, og drensrøra frå huset møtest. Alle går inn på eit 6-tomsrør som er gravd ned under vegen. Vassrøret frå brønnen passerar også her på veg inn i kummen i vegen.

Nedløpet frå "gamlehuset" og drensen bak murane.

Nordvestre hjørne.

Nedløp for takrenne

fredag 4. september 2009

Plata støypt - endeleg framgang og godver!


Til slutt hende det: Det slutta å regne. I alle fall i ein dag. Då kom karane i frå Jørgen Valde, og no er plata støypt. Og den vart steikje flott! Det løner seg tydlegvis og bruke proffar til enkelte jobbar. Perfekt fall mot slukar og ut av garasja.

Plata støypt i same høgd som betongloket på brønnen. -Og blank som ein spegel:)

Innlagt sluk i begge bodene.

No skal eg snart få lagt ned dreneringa, og då kan vi begynne å fylle innåt murane!