søndag 31. mai 2009

Ferdig tomt


Ja no har gravemaskina reist sin veg og tomta er ferdig. Fredag kopla vi til vatn og la ned avløpsrør til dreneringa. Grunnen er singla og komprimert, så no er det berre å begynne på bygget:)

torsdag 28. mai 2009

JIPPI - Brønnen berga!

Då kunne vi puste letta ut!
Arnfinn grov ut siste rest av stein i dag, og grovplanerte tomta. I kveld fekk eg hjelp av han far til å kappe ned jernrøret og bore hol til til koplinga. Bjørn Inge kom også opp då røret skulle senkast ned i holet.

Her står han far med vinkelsliparen!

Alt gjekk som smurt og pumpa heng igjen nede på 75 meter og pumpar ut kaldt og godt kjeldevatn! No er alt klart for å kople vatnet innatt på huset og ut til Svendsen på Kambane.


Tomta ferdig utgravd og grovplanert!

For å få ut "forskalingsrøra" måtte vi ha litt maskinhjelp. Då måtte ein litt smårusten "brøyt-førar" friske opp gamle kunstar. Her er bildebeviset:)

tysdag 26. mai 2009

Skyting


I dag gjekk dei første salvene og fjellet smuldrar bort. Sidan dette er heilt inn til husveggane og brønnen må det gjerast så skånsomt som råd. I løpet av morgondagen blir nok resten sprengt vekk og då byrjar tomta for alvor å ta form.

Den store spenninga no er om brønnen har tålt påkjenninga og det vil vi finne ut etter at siste salva er skoten. Om alt har gått bra så får vi koble til vatnet igjen i morgon. Men om vi var stressa då vi tok pumpa ut av brønnen så har det roa seg no, for vi har det bra, enten vi bur på hytta på Langsetrane eller i Fauskebygda hjå Nilsens.

laurdag 23. mai 2009

Hamring og boring

No har eg hatt to dagar med hardt arbeid. To steinblokker som låg inn til brønnen måtte borast og knusast for hand. No kjennest underarmane såre og lite brukbare ut. Men forhåpentlegvis hjelp det på for å behalde vatnet!

torsdag 21. mai 2009

På Stordalstur

Sidan vi er utan vatn så måtte vi ut på tur og hamna i Stordal.
Her måtte vi kjøpe is og då er det Stordal Camping som tel. Dei har kjempegod kuleis og ein endå betre leikeplass. Her er det Ragna som prøvar seg på graving - inspirert at Komatsuen ute i tomta!

onsdag 20. mai 2009

Siste rest av lausmassar


No held gravemaskina på med siste del av lausmassar frå tomta. Det er rart kor mange lass det blir av eit slikt hol.

Det nærmar seg langhelg og vatnet er framlaus borte, så vi håpar at borerigg kjem på måndag og at alt går bra!

tysdag 19. mai 2009

Vi må nok sprenge gitt..

Arnfinn i maskina har gravd ut mykje, men no har han også funne fast fjell som må skytast vekk. Dette gjer at brønnen vår som står inne i tomta (ja det var ei klønete plassering men huset var stort nok då brønnen blei bora:) må sikrast etter beste evne.
Heldigvis kom verksmeister Tor frå Busengdal Transport for å hjelpe til, så no er pumpa ute og vi har fora det innvendig med plastrør tolv meter nedover, så alt ser bra ut så langt!

No er vi derfor vasslause og må bo litt på legd til ut i neste veke før vi kan kople til att!


måndag 18. mai 2009

I gang

Og så kom gravemaskina. Eg var sjølvsagt utan nettilgang dei første dagane fordi vi måtte flytte telefonkabelen då gravinga starta. No er den kopla innatt så då skulle alt ligge til rette..

Huset skal bli dobbelt så stort, så det blir mange lass som skal vekk. Heldigvis ville naboen, Sven Ove ta i mot masse, så det går kjapt unna!

Eg skal etter kvart kome med nokre skisser for korleis huset vil bli, men no må eg utat til krafsa!

Trykk HER for å sjå fleire bilde frå før vi begynte og første dagen med graving, fredag den 15 mai.