fredag 31. juli 2009

Snart ferdige murar


I går fekk eg opp dei siste radene på murane i bakkant av huset. No står berre søylene i framkant og litt smårusk på støttemuren att.
Det er vel berre å gå ut og byrje:)

Her ser ein også utsparingane i muren for å gi plass til bjelkane som skal bere resten av konstruksjonen lengre oppe. Ein over garasjeporten og ein der stoveveggen men verandadøra kjem.

tysdag 28. juli 2009

Slutt på ferien!

Det vart nokre dagar utan blogging no, og det grunna ferietur til Loen-Langedrag-Tjøme-Oslo-Ikea-Heimat:)

Kjekt med litt fri, men det kribla i muremusklane, so det var godt å kome heim! I går vart det ein forsiktig oppstart - ikkje mykje å skrive om, men i dag har vi hatt mursteinstabledugnad so det viser att noko av! Både Øystein, Torje og Per Inge arbeidde som heltar, og vi har fått opp 13 av 15 rader på nesten heile kåken. Det begynner å ta form.

I morgon skal eg til byen for å ta med ei gruppe amerikanarar på padletur, men i slutten av veka kjem nok resten av steinane på plass, so då er det om og gjere at Opshaug blir ferdig med ferien!

torsdag 16. juli 2009

Første runde med betong


I dag gjorde vi klar til støyping, og i eittida kom Opshaug med pumpebilen. Det gjekk kjapt og greitt og fylle 8 rader, så no står det fjellstøtt og klart til fleire høgder!

onsdag 15. juli 2009

Vi stablar framleis murstein


Muren blir stadig høgre, og i dag passerte vi nok halvvegs. Bjørn Inge var her heile dagen og vi fekk gjort unna mykje småplukk med støttemur, døropning og klargjering for betong. I morgon kjem nemleg første runde med ferdigbetong frå Opshaug på Stranda og då er evt angrefrist forbi:)
På bildet ser ein framkant av muren som blir søyler/opningar for å bryte opp litt og samtidig få lys inn i garasja.

Det blir ein del saging med vinkelsliper og diamantskive. Her eit sjølvportrett etter utført arbeid, men det har no sett verre ut enn dette!

Kveldstur på Vassetra i kveld. Ungane er i Stordal hos mormor og morfar, og vi vart inviterte opp på Nilsbua på grillfest. Då vi skulle til å gå vart det torever og styrtregn så vi var klissvåte og kotelettane vart steikt innandørs. Seinare lysna det, og eg tok eit bilete av den nye kledninga i Kebony som vi også reknar med å bruke etterkvart!

måndag 13. juli 2009

Snart halvvegs i muringa


Slik ser det ut etter ein effektiv dag - som akkurat no vart avblåst grunna torever - med stabling av murstein. Eg har fått opp dei nedste 8 radene med stein i bakre del av huset, og dei mest observante kan sjå kvar dørene inn til bodene kjem, og eit vindauge i emning ut mot garasjeopninga. Den står framleis stabla ein del murstein inne i tomta men i dag har det gått fleire pallar:)

I morgon skal eg til Hole og hjelpe Torje med kjøkenmontering. Kjekt med litt bytearbeid! Er det andre som føler på for mykje fritid, og litt slappe armar som kunne trenge litt trening, så er det berre å melde seg til dugnadsteneste i løpet av veka. Det er framleis mange steinar som skal på plass, og dei skal berre høgre og høgre opp!
Posted by Picasa

søndag 12. juli 2009

Litt flikking


Vi har stort sett hatt helgefri, men fekk gjort litt forefallande på fredag. Vi støypte ein liten bit med såle, for ein støttevegg som ikkje var plass til grunna all mursteinen som stod i veien. I tillegg fekk eg saga av og støypt inn eit rør for gjennomføring av avløpsrør som eg gløymte sist..

onsdag 8. juli 2009

Meir muring




I dag var den første dagen med skikkeleg muring. Eg fekk opp seks høgder på muren på baksida og fram mot garasjeporten.

Det er veldig viktig å lage eit skikkeleg grunnlag for systemblokker, for då går det ganske kjapt å lø dei opp. Eg satsar på å sette opp 8 høgder på alle murar før eg får fyllt opp desse med betong, og så er det 8 nye høgder etterpå!

Han far var her også i dag og fekk brukt mekanikerkunnskapen sin, og sette ihop eltemaskina som takka for seg den dagen vi støypte sålen.

måndag 6. juli 2009

Muring


I dag har vi begynt på muringa! Gudmund kom og hjelpte meg, og vi fekk gjort mykje godt pirkearbeid som må til før den store døyven med stabling av murstein kan begynne! Vi måtte strekke mykje mursnorer og kritsnorer, finsikte og vatre, og dette er viktig arbeid som tek mykje tid for ein glad amatør:)
i tillegg tok Monica og eg ein runde etter at ungane sovna med fylling av tre nye rader av støttemuren.
Det begynner å bli eit hus - smått om senn!

torsdag 2. juli 2009

Litt rolegare dag

I dag sov eg lenge og vel etter ein hard dag i går. Etterkvart ringte han far og kveikte i arbeidslysta då han ville kome opp og vaske forskalingsmaterial viss eg skulle rive..

Då var det berre å få på seg shortsen og kome seg ut. Eg plukka av forskalinga og vi fekk vaska material slik at den er oppatbrukandes. Forskalinga bygde eg nemleg av ståande 2"8", og slikt må ein ta vare på.

Når det var gjort tok vi ein runde med kikerten og kunne konstatere at sålen vår så rett som det går an for glade amatørar. 0,7 cm frå høgste til lavaste punkt. På 37 meter med såle!

Etterpå bar det rett i Hagefjørå til badepause og barnepass. Vi har nemleg besøk av Tuva og Fredrik.

No ikveld var eg ute igjen og fekk sett opp litt meir av støttemuren. Det er ikkje lett å få beint desse forskalingsblokkene, men øving gjer vel meister med dette og..
Monica spar singel bak støttemuren

onsdag 1. juli 2009

Sålen støypt!


Endå ein dag i strålande solskin, men karane jobba så sveitten rann!
Gudmund kom tidleg i dag og hjelpte til med siste rest av forskaling, og så var vi klare til å sette i gang.

Vi brukte omtrent seks timar på å støype 37 meter med såle. Gudmund heldt styr på blandinga og vi kom fram til at han spadde mellom seks og sju tonn med sand og sement i dag! Sjølv trilla eg betong, medan far støypte, stampa og retta av. Det vart tilsynelatande svært bra!

Ein stor takk også til dei som lånte vekk eltemaskiner slik at vi fekk jobben effektivt gjort!

Etter arbeidet var over måtte vi rett ned i Hagefjørå, og betongstøvet låg tjukt utover fjorden etter at vi hoppa uti:)

Her er Ragna MED badehette!