onsdag 22. september 2010

Isolasjon og takplater

Høgt heng ho - men ho er ikkje sur :) Det nærmar seg heldigvis slutten på isolering av tak, og med det kan vi starte på jobben med å reingjere nasar, lunger og auger for rockwool- og glavastøv. Her er altså monica i ferd med å legge 5cm-plater i mellom lektene og innimellom downlightboksane. Dette utgjer då kryssisoleringa saman med dei 25 som er i taket frå før.

Paralellt med dette skrur snekkarane opp gipsplater i taket, og kan nok snart begynne på veggar. No må vi berre finne nokon som kan sparkle og måle slik at finishen blir tipp-topp! Kjekt å sjå at ting nærmar seg :-)

torsdag 9. september 2010

Elektrikar

Det går framover med husbygginga. Utvendig er mykje ferdig, så no er det innvendig det skjer. Denne veka er elektrikaren, Lars Steinar Sandal, i full gang med innstallasjon av spot'ar, kontakter og brytarar. Ein dyktig kar som absolutt kan anbefalast, og som kjem med gode råd og tips som eg sjølv ikkje hadde tenkt på...

Det krev stor grad av orden og system når gamalt og nytt skal flettast saman :) men bra blir det!!

Samtidig er det gamle badet - med vasskade - no plukka ned og nytt skal opp att. Forhåpentlegvis får vi dekt noko av kostnaden til dette via forsikring..

Vi utnyttar også høvet til å legge inn moderne vassinnstallasjonar og vassboren varme!

onsdag 1. september 2010

To steg fram og eitt tilbake

Lite blogging i det siste, men ikkje fordi ingenting skjer!
Snekkarane har snart alt klart for plater i tak og på veggar. Elles så oppdaga vi ei lekkasje i gamlebadet - som var det einaste rommet vi skulle spare... Men no er også det på vei ned, og nytt Skal bli.
Slike slag...