torsdag 9. september 2010

Elektrikar

Det går framover med husbygginga. Utvendig er mykje ferdig, så no er det innvendig det skjer. Denne veka er elektrikaren, Lars Steinar Sandal, i full gang med innstallasjon av spot'ar, kontakter og brytarar. Ein dyktig kar som absolutt kan anbefalast, og som kjem med gode råd og tips som eg sjølv ikkje hadde tenkt på...

Det krev stor grad av orden og system når gamalt og nytt skal flettast saman :) men bra blir det!!

Samtidig er det gamle badet - med vasskade - no plukka ned og nytt skal opp att. Forhåpentlegvis får vi dekt noko av kostnaden til dette via forsikring..

Vi utnyttar også høvet til å legge inn moderne vassinnstallasjonar og vassboren varme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar