måndag 31. mai 2010

Taktro og kebony

I dag vart snekkarane ferdige med å legge på taktro og løpet av morgondagen blir resten av snekkarjobben på taket ferdig. Det skal lagast hol til pipe og ventilasjonshatt, og kantborda skal på plass.

Desse er av kebony og eg reiste via Stordal og henta dei etter jobb i dag. Dermed vil det første glimtet av fasadefargen vise ganske raskt. Foreløpig er det mørkt og brun-raudt på farge, men det vil gråne med tida.

søndag 30. mai 2010

Opne løysingar

Det er helg, og huset i Åsen er av typen opa løysing. Det er lagt nytt tak over heile bygget og gamledelen er så godt som riven ned.

I veka som kjem skal taket leggast ferdig og tekkast. Vindauga står klar og det same gjer kledninga frå Kebony.
Med andre ord vil bygget sjå mykje godt ferdig ut utvendig snart, men som også bilda viser så blir det mykje godt arbeid innvendig dei neste månadene :)


laurdag 22. mai 2010

Tak og bursdag

I dag fekk snekkarane rive ned mesteparten av det gamle taket og lagt på det nye. No manglar berre nokre få takbjelkar før det nye, flotte pulttaket vårt er på plass.
I solskinet i dag måtte eg også leite fram litt is, då eg fekk greie på at snekker-fridtjof fylde år. Som det går fram av bilde sit karane og nyt livet og blir lettare solbrende :)

onsdag 19. mai 2010

Heldigvis finever

I dag vart den svære limtredragaren heist på plass, og resten av profilbjelkane som skal leggjast oppå. Når vi først hadde nordvestlandets største kranbil på plass tok den også ned pipa vår.
No er der berre for snekkarane og stå på for å tette bygget igjen, noko dei meinar er gjort til helga.
På bildet frå austsida ser ein no at dragarane stikk ut slik at også verandaen på denne sida blir overbygd.

tysdag 18. mai 2010

Hol i taket!

I dag har snekkarane saga eit hol i taket på tvers av heile huset. Ned i dette skal det senkast ein lang limtredragar for bering av resten av takbjelkane.
Krana kjem i morgon og vi vil ha fint ver i mange dagar!

søndag 16. mai 2010

Riving

Det nærmar seg at heile taket skal rivast, og dermed må gjengen flytte ut. I dag skrur vi ned lampar og kjøkkeninnreiing så ikkje ting blir øydelagt når motorsaga hass Ludvigsen kjem durande!

onsdag 12. mai 2010

Langhelg og framgong!



Det nærmar seg 17. mai, og no ser det ut til at det har slutta å snø :)

Snekkarane har fått opp det meste av framveggen og mykje av bakveggen. Vi bor no i eit hus utan kledning og isolasjon så set pris på alle solstrålane vi kan få!

Taket har også blitt lagt på heile nybygget og over litt av det gamle. I neste veke blir det tatt hol i gamledelen og då må vi nok sjå oss etter ny bustad inntil vidare...

laurdag 8. mai 2010

Grunnarbeid igjen!

Men berre bittelitt. Vi skal forlenge taket austover slik at det blir overbygd veranda der også. Dermed må vi ned med ei søyle, og den må ha betre fundament enn det som står der i dag!

Dermed måtte eg stemple av verandaen med to midlertidige søyler så den ikkje dett ned, fjerne den gamle søyla, grave eit hol og fylle det med armering. No er det klart til å fyllast med betong!
Posted by Picasa

fredag 7. mai 2010

fasadeendring

det er jammen mykje som skjer når ein er vekke eit par dagar. Fasaden er skifta ut og det begynne å likne på det som skal bli.

No er mønet nesten usynleg og den nye heilheitlege fronten begynner så vidt å vise seg.


laurdag 1. mai 2010

Tak!


Fredag vart mykje av takbjelkane plassert utover. Lange spenn av stålprofiler.

Her er bilde frå innsida med opningane for dei store stoveglasa i front.

Eg var på taket i dag for å skru laus decraen som etterkvart skal fjernast, her er utsikta derfrå.. Er du på jakt etter eit billig og solid tak er det berre å ringe!

I dag fjerna eg også bordkledninga på vestveggane på gamledelen. Nærmar seg riving... Skummelt!
Posted by Picasa