
Dermed måtte eg stemple av verandaen med to midlertidige søyler så den ikkje dett ned, fjerne den gamle søyla, grave eit hol og fylle det med armering. No er det klart til å fyllast med betong!

Huset kjøpte vi i 2002. Oppussinga var ferdig i desember 2003, då Live kom til verda. No er det på tide med meir plass, og her skal eg prøve å følgje prosessen med dette! Påbygget har eg skissa opp på eigahand, og eg fekk god hjelp av Dagfinn Tynes til å gjere dette om til eit hus. Dessverre gjekk Dagfinn bort i oktober 2009, og huset er no teikna av Arvid Vedvik og sluttføringa blir gjort ved hjelp av Ludvigsen Bygg. Boarealet blir omlag dobla, og i tillegg kjem det garasje i "kjellaren".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar