tysdag 8. desember 2009
Utsikt frå verandaen
Eg var heime ei lita stund medan sola skein i dag. Knipsa nokre mobilbilder frå den nye verandaen. Kjapp montasje i picasa, men det er ei fin bygd vi bor i!
Klikk på bildet for å gjere det større.
fredag 4. desember 2009
Dei første skissene frå arkitekten!
I går kom dei første teikningane frå Arvid ved Ludvigsen Bygg som skal sette opp huset for oss. Vi er svært nøgde med dette førsteutkastet som heilt klart viser at det er ei ombygging, like mykje som eit tilbygg, det vi driv med:)
Nokre endringar blir det nok, men bilda viser nok mykje av det huset vi bor i om eitt år?!?
Reaksjonar, ris og ros vert mottekne med takk!
torsdag 3. desember 2009
Plata støypt!
onsdag 2. desember 2009
Snø og støyping
Først kom snøen, og då var eg så oppteken med å møke at det vart ikkje bildetaking. I staden knipsa eg nokre i dag. Karane har no armert ferdig heile plata. 1516 kg med jern er lagt utover og bensla i hop! I morgon kjem betongbilane med rundt 25m3 (60.000kg) betong - berre dei huska å legge på kjetting først.
Dette blir spennande. Følg med!
laurdag 28. november 2009
Ferdig forskala
torsdag 26. november 2009
Snart ferdig forskala
Det nærmar seg for karane som forskalar plate. No er utkraginga over garasja snart ferdig, og verandaen er nesten halvferdig.
Her er utsikta frå gamleverandaen og vestover mot den nye. Ytste delen er ferdig, og i løpet av dagen i dag kjem sikkert resten på plass. Då er det snart klart for armering og støyping, så meldingane om kaldt ver vel eg å sjå vekk frå:)
søndag 22. november 2009
Dritarbeid
I helga har han far hjelpt meg å kople til kloakk og avløp frå nybygget og inn på nettet.
Heilt til venstre i grøfta ligg røret som kjem frå gamledelen og endar i Ullavika. Til høgre viser stussen som kjem frå nyedelen.
Det måtte gravast djupt og lenge før vi fann røret, og haugen på plenen gjer at det liknar på unntakstilstand å kome seg inn i huset:)
Her er sjefen i ferd med å måle ut kor mykje vi må kappe vekk for å kople oss innpå.
Og her er alt ferdig kobla og vi legg singel rundt røret før grøfta skal fyllast att.
fredag 20. november 2009
Stadig meir forskaling
Som bildet viser er plata innafor murane snart "tett". Merkeleg kor mykje større det virkar no når ein får ei plate oppå!
Her er "utsikta" bakover. Deleveggen mellom bodene i bakkant viser såvidt over plateforskalinga.
Det nye inngangspartiet ser ikkje særleg bra ut enno, men eg har trua på at dette blir bra. Innafor døra her blir ein ganske stor gang med utgang til garasja. Den eksisterande døra (blir nok bytta ut) blir der der er som ei sluse mellom garasje og huset.
Tja.. Muren på nedsida, med opningane inn til garasja.
måndag 16. november 2009
Støyping i dag
torsdag 12. november 2009
Meir forskaling
Karane til J. Valde står på om dagen. Det nærmar seg støyping!
Ikkje så lett å ta bilde lengre, når ein stort sett er heime medan det er mørkt..
Men forskalingane blir stadig større og det blir etter kvart tydlegare korleis dette kjem til å sjå ut. Det som viser på dette bildet er dragarane over garasjeporten, og over opningane på nedsida av huset. Denne blir på 10,8 meter!
Uventa utfordringar
For det er utfordring det heiter - ikkje problem!
For å få opp dei nødvendige søyler og dragarar måtte det gravast ut MYKJE meir masse franfor inngangen vår enn det eg trudde på førehand. Det vart nokre hektiske timar i går føremiddag med å skaffe maskin og maskinførar, men det ordnar seg for kjekke karar (og jenter). Næraste naboen, Sven Ove har kjøpt seg maskin og han stilte velvillig opp på tidenes kortaste varsel! Sveinung Liaskar rykte ut frå Huna Sand, og fekk belta maskina opp langs med huset og byrja på gravinga! Til slutt kom svigerfar Erling på lynvisitt og grov ferdig! TUSEN HJARTELEG TAKK til desse tre!!
Bildet er ikkje av særskilt god kvalitet, men det viser litt av gravemaskina i arbeid i går kveld!
I tillegg var eg ute og plukka ned endå litt meir av altanen, så no ser det ikkje særleg fint ut oppe med oss. Men det blir vel betre:)
tysdag 10. november 2009
Forskaling
måndag 9. november 2009
Ting skjer igjen!!
Ja - mange har nok rekna denne bloggen som ganske uinteressant den siste tida. På huset har det ikkje blitt gjort så mykje, og det er ymse grunnar til det. Hovudgrunnen er at prosjektleiaren vår, Dagfinn, vart sjukare i sommer, og gjekk dessverre bort no i oktober. Vi har måtte endre litt på planar og skaffe nye folk til å hjelpe oss. Vi har også fått ein ny situasjon heime med Monica i ny jobb, noko som minkar tida til eigeninnsats.. No ser det derimot lovande ut igjen!
Borgar Sandal sa heldigvis ja til å gjere berekningane på stål og betong. Jørgen Valde as vart overtalt til gjere betongjobben (som vi i utgangspunktet skulle gjere sjølve ved hjelp av Dagfinn), og dei begynner på jobben i morgon.
I helga fekk eg gjort litt av førebuingane til denne jobben:
Verandaen på vestsida av huset måtte rivast. Her skal plata støypast heilt inn til huset.
Her er jobben nesten gjort. Ikkje heilt beinsmia å få til åleine, men med motorsag, brekkjern og slegge er mykje gjort:)
Her er alt fjerna, og under her blir det ny inngang og tilkomst til garasja! Kjekt å gå tørrskodd ut i bilen:)
Her "gløymde" eg ein vegg i sommer og måtte mure den opp no for å gjere klart for vidare arbeid med plata. Denne går no heilt opp i høgd med resten.
Borgar Sandal sa heldigvis ja til å gjere berekningane på stål og betong. Jørgen Valde as vart overtalt til gjere betongjobben (som vi i utgangspunktet skulle gjere sjølve ved hjelp av Dagfinn), og dei begynner på jobben i morgon.
I helga fekk eg gjort litt av førebuingane til denne jobben:
Verandaen på vestsida av huset måtte rivast. Her skal plata støypast heilt inn til huset.
Her er jobben nesten gjort. Ikkje heilt beinsmia å få til åleine, men med motorsag, brekkjern og slegge er mykje gjort:)
Her er alt fjerna, og under her blir det ny inngang og tilkomst til garasja! Kjekt å gå tørrskodd ut i bilen:)
Her "gløymde" eg ein vegg i sommer og måtte mure den opp no for å gjere klart for vidare arbeid med plata. Denne går no heilt opp i høgd med resten.
søndag 20. september 2009
Forskaling og litt div.
I det siste har eg vore mykje vekke, så bygginga har gått tregt. Her om dagen rydda eg litt rundt tomta, og la singel framfor portopninga. Dermed kunne eg køyre inn bilen, så då måtte eg køyre inn bilen:) Den fekk god plass!
I går arbeidde eg med litt ymse forskaling. Bjelken over garasjeporten er såvidt påbegynt, og her er bilde av det som blir inspeksjonsluke ned til stoppekranen for vatn. Eit ståande 6-tommsrør gjer at eg kan stenge vatnet ute om naudsynt!
søndag 6. september 2009
Drenering
I går fekk eg hengt opp duk i skråninga bak murane, og lagt dreneringsrør rundt heile nybygget. Dermed skulle det vere klart for å fylle bak murane med singel og pukk. Neste prosjekt no blir å forskale og støype diverse bjelkar, og samtidig støype krune på eksisterande murar.
Ikkje så spennande bilder for allmugen, men kjekt å ha sjølv til seinare...
Koplinga der røret frå drensrenna i garasja kjem ut, og drensrøra frå huset møtest. Alle går inn på eit 6-tomsrør som er gravd ned under vegen. Vassrøret frå brønnen passerar også her på veg inn i kummen i vegen.
Nedløpet frå "gamlehuset" og drensen bak murane.
Nordvestre hjørne.
Nedløp for takrenne
Abonner på:
Innlegg (Atom)