måndag 28. juni 2010

Isolering


I dag byrja eg med isoleringa av golva i nyedelen. Her skal to lag med 10 cm isolasjon på før røra til vassboren varme skal leggast utover. Så skal det støypast finplate, og dette må vi få gjort før ferien! Her er det berre å stå på :)

torsdag 24. juni 2010

Gamlehuset opp i røyk

 
 
 
 
Heldigvis kom jonsokaftan som bestillt. Per Bjarne rakk akkurat å slå, og eg fekk køyre ned to vaksne hengarlass med rivingsmaterial i tillegg til dei tre lassa med bordkledning som eg har køyrt ned frå før. Det brann godt!
Posted by Picasa

tysdag 22. juni 2010

Kledning og rørleggjar

Huset blir stadig meir ferdig. Snekkarane skrur kebonykledning på veggar og ein ser meir korleis uttrykket vil bli.
I dag kom også rørleggjar-Kurt og starta med sin jobb. I dag var det kjerneboring for gjennomføring av vatn og avløp som stod på programmet.
Opp i alt dette beheld Sie Charlotte roa, og kosar seg på jakka til Fridtjof :-)

onsdag 16. juni 2010

Litt oppdateringar

Det har blitt ei stund sidan sist eg skreiv noko, men mykje har likevel skjedd! Her er bilde av taket, ferdig tekka med papp og med kantborda i kebony på plass! For dei med eit trena auge så ser ein allereie no forskjellen på det bordet som har stått i sola ei vekes tid og på det øvre som vart montert i dag.

Her ser ein godt vindua vestover som er sett i. Antrasittgrå alu-vindu i lys grå bewi. Vi lurer litt på kva vi skal kle bewien med, men hallar litt mot cembrit-plater... Erfaringar anyone?

Det fremste vinduet blir over senga vår, det bakre er gå-inn-garderobe-vindu :)

Inne er det for tida det komplette kaos. Vi har rive ned nesten alle innvendige veggar, men har ikkje plass til å stable unna eignelutane. Jammen bra eg har ferie frå fredag :-)))

Her er "utsikta" inn i nyedelen av huset. Dei to vindua som tidlegare var nemnt ser ein på endeveggen. Det liggande på bakveggen blir over badekaret på nyebadet. Det andre blir på gjesterom/kontoret.

Vi håpar på å kunne rydde heilt opp i denne delen no, gjere klart for rørleggjarane, og etter kvart kunne støype finplate som kan tørke i ferien!

måndag 7. juni 2010

Vindu

I dag vart flesteparten av dei nye vindauga sett inn, og om eg skal seie det sjølv, så vart det veldig bra!
Det er H-vindu frå Magnor med kvitmåla tre innvendes og antrasittgrå aluminium utvendig. Å måle er der verste eg veit.

torsdag 3. juni 2010

Snart tett hus igjen

Huset har fått att veggane sine og dei er nesten ferdig platekledd.

Her er opningane for dei tre store og nye vindauga som kjem i morgon.

Innvendig har det blitt større stove i løpet av dei siste vekene :) Gamledelen lengst til venstre.

Bak kjøkkenbenken skal vi ha to smale vindu på til saman to meter i opninga der du ser leikarhuset.

Fasaden blir stadig meir heilheitleg for kvar dag. Veldig spennande med vindu og kledning som er på veg!!

Sjå gjerne i bildegalleriet til Kebony for å sjå korleis det ser ut.