onsdag 22. september 2010

Isolasjon og takplater

Høgt heng ho - men ho er ikkje sur :) Det nærmar seg heldigvis slutten på isolering av tak, og med det kan vi starte på jobben med å reingjere nasar, lunger og auger for rockwool- og glavastøv. Her er altså monica i ferd med å legge 5cm-plater i mellom lektene og innimellom downlightboksane. Dette utgjer då kryssisoleringa saman med dei 25 som er i taket frå før.

Paralellt med dette skrur snekkarane opp gipsplater i taket, og kan nok snart begynne på veggar. No må vi berre finne nokon som kan sparkle og måle slik at finishen blir tipp-topp! Kjekt å sjå at ting nærmar seg :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar