onsdag 1. juli 2009

Sålen støypt!


Endå ein dag i strålande solskin, men karane jobba så sveitten rann!
Gudmund kom tidleg i dag og hjelpte til med siste rest av forskaling, og så var vi klare til å sette i gang.

Vi brukte omtrent seks timar på å støype 37 meter med såle. Gudmund heldt styr på blandinga og vi kom fram til at han spadde mellom seks og sju tonn med sand og sement i dag! Sjølv trilla eg betong, medan far støypte, stampa og retta av. Det vart tilsynelatande svært bra!

Ein stor takk også til dei som lånte vekk eltemaskiner slik at vi fekk jobben effektivt gjort!

Etter arbeidet var over måtte vi rett ned i Hagefjørå, og betongstøvet låg tjukt utover fjorden etter at vi hoppa uti:)

Her er Ragna MED badehette!

1 kommentar:

  1. Staurande dej so øss bløgga upp på Hjelljå!!
    Artig å sjå, og først no forstend ej korleis du skal bygge. Kjekt med tegninga på nett. Ditta blir steikje bra!
    Kjem og inspisera en ta dagå.

    Lukke t vidare

    Trond B

    SvarSlett