onsdag 15. juli 2009

Vi stablar framleis murstein


Muren blir stadig høgre, og i dag passerte vi nok halvvegs. Bjørn Inge var her heile dagen og vi fekk gjort unna mykje småplukk med støttemur, døropning og klargjering for betong. I morgon kjem nemleg første runde med ferdigbetong frå Opshaug på Stranda og då er evt angrefrist forbi:)
På bildet ser ein framkant av muren som blir søyler/opningar for å bryte opp litt og samtidig få lys inn i garasja.

Det blir ein del saging med vinkelsliper og diamantskive. Her eit sjølvportrett etter utført arbeid, men det har no sett verre ut enn dette!

Kveldstur på Vassetra i kveld. Ungane er i Stordal hos mormor og morfar, og vi vart inviterte opp på Nilsbua på grillfest. Då vi skulle til å gå vart det torever og styrtregn så vi var klissvåte og kotelettane vart steikt innandørs. Seinare lysna det, og eg tok eit bilete av den nye kledninga i Kebony som vi også reknar med å bruke etterkvart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar