
Eg mått ta eit bilde av byggverket no, medan sola stod på. Det begynne så smått å likne på noko.
No er all forskalinga plukka ned, og det står enno:) Vi har fått ei stor fin garasje (6x7,5m) og to boder som vi kan begynne å fylle opp!
Huset kjøpte vi i 2002. Oppussinga var ferdig i desember 2003, då Live kom til verda. No er det på tide med meir plass, og her skal eg prøve å følgje prosessen med dette! Påbygget har eg skissa opp på eigahand, og eg fekk god hjelp av Dagfinn Tynes til å gjere dette om til eit hus. Dessverre gjekk Dagfinn bort i oktober 2009, og huset er no teikna av Arvid Vedvik og sluttføringa blir gjort ved hjelp av Ludvigsen Bygg. Boarealet blir omlag dobla, og i tillegg kjem det garasje i "kjellaren".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar