
Karane frå Jørgen Valde starta denne veka med å rive forskalinga som no har stått i over ein månad. Så snart ting og tang er rydda ut av vegen kan vi begynne og bruke garasja. Og det beste av alt: No kan vi bruke inngangsdøra vår igjen!
Huset kjøpte vi i 2002. Oppussinga var ferdig i desember 2003, då Live kom til verda. No er det på tide med meir plass, og her skal eg prøve å følgje prosessen med dette! Påbygget har eg skissa opp på eigahand, og eg fekk god hjelp av Dagfinn Tynes til å gjere dette om til eit hus. Dessverre gjekk Dagfinn bort i oktober 2009, og huset er no teikna av Arvid Vedvik og sluttføringa blir gjort ved hjelp av Ludvigsen Bygg. Boarealet blir omlag dobla, og i tillegg kjem det garasje i "kjellaren".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar