måndag 12. april 2010

To veggar


I dag fekk vi fyste runde med betong i bewien. Heile bakveggen er fyllt opp og mesteparten av vestveggen. I kveld har eg stabla og armert siste rest av "vaksnelego", og i morgon tidleg gjer snekkarane klar for betong heilt opp! Då er faktisk to heile veggar på plass :)

Monica og eg har også bestemt oss for å gå for trelags vindu med aluminiumsramme utvendig. Det stod mellom det og vinyl, for det skal ikkje målast vinuskarmar her i huset dei fyste åra! Prisen vart omlag den same, men med lavare u-verdi og betre "look" vart det tre/alu.

På bildet viser eit liggande vindu som blir på soverommet vårt og eit lite vindu i kleskottet.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar