onsdag 4. august 2010

Verandaen

Etter å ha henta materialen på Skansekaia på måndag, reiste eg heim og begynte så smått med oppmåling og litt montering. Det vart sjølvsagt Kebony til verandaen også! I går fekk eg hjelp av Karl Johan og Ole Bjørn med fullada drillar og dermed kom den på plass.

Her er Ole i sving på framsida av huset.

Som bildet viser må vi bygge eit trinn frå verandaen opp til dørene. Dette er ikkje heilt optimalt, men måtte til for å kunne ha alt på eitt nivå. Dette har igjen med utkraging av betongplata som delar av verandaen, då den same plata har 20 cm isolasjon + finplate inne i huset.

Her møter kebonydekket betongen der gamalt møter nytt - omtrent dei einaste synlege bevis på at dette er eit påbygg.

Framleis litt verkty framme, men her er austsida av huset og ein skimtar såvidt "utstikket" som blir frukostplassen til neste sommar...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar